onsdag 3. juni 2015

Egersund, Kvitsøy, Espevær via Haugesund og så til Rosendal

Frå Egersund den 24. mai kl 9.00. Etter landligge ein dag etter Tore for heimatt med toget. God vind i ryggen og mykje regn for me forbi Jærens rev. Kvitsøy i sikte og klarværet kom til innseglinga. Gode koparvikingar lot meg legga Yvonne utfor seg ved ankomst klokka 19.30. Toppfart over 9 knop, gjenomsnitt 5,6 på aktiv seiling. Kvitsøy var ei perle å vandre rundt på i kveldingen. Gode tips frå andre sjøfarar staka kursen opp til Espevær på neste legg.


Kvitsøy, eg fekk legga meg utanfor båten til kjekke folk frå Koparvik
Mastene rekker så hvidt over husa.
Sans for det estetiske har dei på Kvitsøy
Ein port som ynskjer velkomen, blid folk over alt
Plass til kaffeslaberas også
Grøne beiter rundt gamalt og nytt fyr, kjekt så det ikkje gror att. Og smale må me ha.
Fyret dukkar opp kvar enn ein traskar.
Både ville og foredla blomar.
Ikkje alt skal vera kvitt på Kvitsøy



Fjørekollen passsar her og.
Porten står open
Noko om nokon som syner veg


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar