onsdag 10. juni 2015

Pileteigen, Svoldal og inn Hardangerfjorden til Sørfjorden og Selsvik.


Hei igjen. Pileteigen kom eg til via ei lokal brygge  den 27. mai. Noko grunt, men det gjekk etter eit par forsøk på fjøre sjø. Steinar hadde blitt slått av moloen i stormen sist vinter. Takk for lånet ! Margit var i godt gamalt strok. Ho er bindeleddet attende til røtene i Svoldalen. God middag og triveleg kveldsmat også saman med sonen Øystein. Så vidare dagen etter forbi Svoldal, der Andreas og Brito dreiv båtbyggeri. Ein gild plass å vera om sumrane der halvmodellane fortsatt låg på naustskokkjen. Mykje interssant å sjå, og ikkje minst lukta assosieres fortsatt med spennande tider.Vetle Svoldalen dreiv Harald eit lite småbruk.


Margit like sterk og klar som før. Mange takk for god mat og ikkje minst ein god drøs om slekt og røter.



Pileteigen

Takk for lånet av brygga


Pileteigen frå sjøen.
Skulehuset, her vart me henta med båt før vegen kom.
Svoldalen eller eigentleg Sjøtun
Sjøtun
Svoldal
Sjøtun med båtbyggeriet, bjølla Brita kalla karane inn på mat hang fortsatt på trammen.

Vetlesvoldalden, øvst dreiv Harald eit småbruk.
Skreda ligg svart ned til fjorden

Berre vakkert, men det var i verkeligheita.

Olav tok i mot i nye støa, godt mura opp.

Yvonne ligg støtt fortyd , men litt grunt når vinden aukar på.

Syskjenbonntreff, Olav, BT, Bjørn og Arild med Linda og Hilde til Olav. Ingrid tok biletet

Olav og Hilde i Husadalen, takk for fin tur med kakao og det heile. Godt vertskap og vonar murane til naustet står.


































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar