Etter å tråla Kristiansund rundt Innlandet me, fann eg ingen Windex. Men eg fek hjølpt svensken, det var hyggeleg. Han hadde planer om å flytta til Norge, Lofoten og tok like godt kona og ungen med på seilbåten og for. Ei riktig staseleg ombygd veteranseilar. Til Børøysund gjkk det i god driv, no som soloseilar, 5-11 m/s 9 timer på 50 nautiske mil er jo bra. Bessaker viaStokksundet gjorde eg den 17. Der traff eg på ein verdsomseilar som var svært så hyggjeleg. Sist kom han frå Irskesjøen og Skottland. Han skulle nå midtsumarfeiring med vener i Bodø, travelt, noko han ikkje var van med. 18. gjekk turen vidare til Rørvik, egentleg på svai i Strømsvik. Middag i dag blir sjølvfiska Lyr og torsk som eg dro over ripa på Flatanger landet. Her mor og far på sine eldre dagar reiste i eit per feriar å fylte frysen. Neste dag gjekk turen til Torghatten. Sykkelen vart tatt fram og sykling og tur rundt Torghatten stod på programmet. Ei pause frå motorseiling var turvande og godt for både kropp og skjel. Fekk med meg avslutningskonserten i Torghattholet. Det hadde vore festival i Brønnøysund denne helga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar