onsdag 3. juni 2015

Kvitsøy, Espevær via Haugesund

Hei ! Bedre stabilt nett her utfor på kaien i Fosnavågen. Bruker nettet til sambygding Thon, det er jo bra. Store kontraster i vågen. Men no tilbake til bloggen. Frå Espevær for eg altså kl 12 inn Bømlofjorden. No skal slekta besøkjast. Fyrst Margit i Pileteigen. Men sjå gjerne på bileta frå Espevær. Eit flott utvær. Med hummerpark og det heile. Bilfritt og berre nokre få fastbuande (60). Fekk ein god prat med ein pensjonert reketrålar som no hadde selt konsesjonen til Vestfold. Turen gjekk via Haugesund og smedasundet der eg fekk lasta ned siste boka til Jan Guillou. Passer fint med inginørene frå Osterøy som har lidenskapen seiling.



Fyret ut frå Haugesund, Espevær neste, men vinden rett i mot.



Innseilingen til Espevær kan  gjerast denne vegen, 4 meter breidt og 4 meter djupt. Følg nøye med på stakane!!

Ulendt og gjengrodd for spaserturar på kollane.

Fleire fine brygger å leggja til.

Gamle trålaren til han eg prata med. På Espevær bur det 60 personar på vinteren, men over 1000 på sumaren

Hurtigbåt anløp inn hovedleia.

Kvitmåla bilringar, snillare mot eit kvitt skrog

Restaurering må til, takk til dei som tek fatt!!

Det var sjøvegen som gjaldt, ingen bilar i Espevær.

Gode bruksbåtar for fiske.


Det som ikkje er i bruk lenger, gjer nytta.

Følgj stakane !

Høgt stubba sitkagran blir ein fin katt på tunet.

Solnedgang mot nord-vest deer neste dag går på innsida av Bømlo

Nærheit til sjøen.

Ein fastbuande seglar, elles mest av sjarkar.

Tronge smau, plass for eit par små traktorar og transport av varer og gods.



Kveld på Espevær, folk har gått til ro.

25, mai kl 12. Kappseiling med tyskaren i Bømlofjorden. Eg vann!!

Fine fyr langs leia


Mang slag farkostar under vegs

Mathilde bygd av Skåluren trur eg, no med ungdomar ombord.

Rosendal havn, Besøk til Margit i Pileteigen.Ankomst kl 20.00

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar