Hei igjen, fortsatt lite med nettverk oppetter kysten. No er eg på Støtt og er hjulpenm av Eva som driv ein flott restaurant her på Støtt. Syster mi var lærar og rektor her for vel 40 år sida og då var Eva 8 år. Nok om det i denne omgang.Tore mønstra av i Ålesund og Malin vart med noko vidare. Fyste strekket til Molde den 12. juni gjekk med god bør, 6-16 m/s sydvest Start kl 15.00 og ankomst kl 20.30. Me slo så vidt Hurtigruta i fortøyningane. 13. juni kl 13 gjekk vi mot Håholmen, ville helse på gamle kjente frå Fosnavågen. Travle, då der var brudlaupder. Dagen etter via Grip til Kristiansund med vestavind, flott seilas (10-16 m/s)og mykje å sjå. Ankomst Kr.sund kl 21, alle kjøkken stengte så nær som eit, der vart det burger og Bacalao. Malin mønstrer av neste morgon medan eg bruker den 15. til å leite etter el-windex. Det endte med Ebay og servicekit sendt til Havnabakken.
 |
Malin på Håholmbrygga saman med dei andre damene, Yvonne ligg yst. |
 |
Jommen er det ikkje kapteinen sjølv, med ein halvliter sjølvsagt. |
 |
Eg kjem nok ikkje utanom at det er meir sjel og glød i trebåtane her på Håholmen |
 |
Hovedbygningane, her fekk betjeningen vera. Ja ta godt vare på dei, ikkje minst den hyggelege skipparen. |
 |
Men mykje arbeid er det! |
 |
Koseleg |
 |
Brudeferden på Håholmen, rett tilbake på Atlanterhavsveien. Godt me kan nyta den sakte ferda vidare nordover. |
 |
Me greip sjansen å dra ut til Grip med god seilvind. Ei Stavkyrkje her ute i havgapet 17hundretalet, så seint kom ho? |
 |
Trongt mellom husa, til og med lafta naust. |
 |
Flinke var dei å halda husa vedlike. Fraflytta fiskevær på 70 talet, no sumarhus for det meste. |
 |
Vi var foresten innom Bud før me kryssa Hustadvika. |
 |
Flott bryggeanlegg her på Håholmen, litt kringlete å koma inn med ein djuptstikkande båt. |
 |
Kvitkjær på veg inn til Kristiansund |
 |
Siste uthavn ho Malin var med, knutene satt etterkvart og ho var til god hjelp med reving av seil når det bles for ille. |
 |
Godt me har gode vegvisarar på sjøen, mykje skvalpeskjær i området. So her gjeld det å følgja rett veg med slik seglvind. |
 |
Godt bygd når det har helde så lenge. |
 |
Her er havna på utsida, ikkje anbefalt å gå inn her med seglar. |
 |
Særleg når det ser slik ut. |
 |
Saman er me sterke! |
 |
Koseleg er det og. |
 |
Det er ikkje parasoll mot sola, men skydd for regn over klippfisken |
 |
Skuleplassen med trampoline som har kome til i seinare tid. |
 |
Fine vegvisarar. |
 |
Svensken heisa eg opp og ned i salingshorna, som hadde behov for forbedringar på sin båt Madame. |
 |
Rimihagens båt forfølger oss frå Håholmen, sjefen sjølv skulle plukkast opp i Trondhjem. 1600 hestekrefter x 2 blir det avgifter av til Staten, det er godt. Innført til Norge går prisen fra 19 mil til 26 mil sånn ca. (Hemmeligheten stod på nettet) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar