Savnet allerede fra starten, kl 12, Kirsti og Baldur. Men etter ei tid med rolig bølgeskvulp og passelig kryss/slør kom eg på den syndige ideen å ta fram lydboka. "En mann med navn Ove", skratt lått og humring heile vegen til Arendal.. Gjekk på innsida av Tromøya i lens. Passerte Narestø der Terje og Berit dessverre ikkje var heime.God seilvind på lens/slør gjennom sundet.
Værfast i Arendal en dag. Så gjekk turen vidare til Hillevågen, eit idyllisk lite sted med ypperlig ankringsbunn i stilla. Mykje fine fyrtårn på vegen og nokre fiskarar av amatørslaget.
Vidare neste dag der Tore stilte. Kjekt med selskap og kjentmann rundt Lista på nattseiling til Kirkehavn. Framme kl 01.00. Så neste dag i god bør og regn til Egersund. der dagen har gått med til utvidelse av kartområde på plotteren samt tetta hol i taket. Gjennomføringane fra masta drog inn vatn fra det vestlandske klima. I morgon ut i regnet igjen, med vindretning meir høveleg.
 |
Narestø, men ingen heime, synd! |
 |
Ut fra Arendal etter landligge ein dag. |
 |
Oksøy, Kristiansand ligg for langt inne i fjorden denna gongen. |
 |
Hillevågen i solnedgang. |
 |
Lindesnes, tar seg fint ut. No ber det vest og nordover, ein utfordring med vindretningen so tidleg på sumaren!! |
 |
Vedlikehald er påkrevande her ute i havgapet utfor Farsund |
 |
Farsund i påvente av Tore, godt med selskap og kjentmann rundt Lista på nattestid. |
 |
Kyrkja låg der også morgonen etter, fint opplyst inattesmørket da vi kom inn sundet. |
 |
Tore i god stim ut fra kirkehavn. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar