Etter å tråla Kristiansund rundt Innlandet me, fann eg ingen Windex. Men eg fek hjølpt svensken, det var hyggeleg. Han hadde planer om å flytta til Norge, Lofoten og tok like godt kona og ungen med på seilbåten og for. Ei riktig staseleg ombygd veteranseilar. Til Børøysund gjkk det i god driv, no som soloseilar, 5-11 m/s 9 timer på 50 nautiske mil er jo bra. Bessaker viaStokksundet gjorde eg den 17. Der traff eg på ein verdsomseilar som var svært så hyggjeleg. Sist kom han frå Irskesjøen og Skottland. Han skulle nå midtsumarfeiring med vener i Bodø, travelt, noko han ikkje var van med. 18. gjekk turen vidare til Rørvik, egentleg på svai i Strømsvik. Middag i dag blir sjølvfiska Lyr og torsk som eg dro over ripa på Flatanger landet. Her mor og far på sine eldre dagar reiste i eit per feriar å fylte frysen. Neste dag gjekk turen til Torghatten. Sykkelen vart tatt fram og sykling og tur rundt Torghatten stod på programmet. Ei pause frå motorseiling var turvande og godt for både kropp og skjel. Fekk med meg avslutningskonserten i Torghattholet. Det hadde vore festival i Brønnøysund denne helga.
Yvonne rundt Norskekysten
torsdag 25. juni 2015
onsdag 24. juni 2015
Ålesund til Kristiansund
Hei igjen, fortsatt lite med nettverk oppetter kysten. No er eg på Støtt og er hjulpenm av Eva som driv ein flott restaurant her på Støtt. Syster mi var lærar og rektor her for vel 40 år sida og då var Eva 8 år. Nok om det i denne omgang.Tore mønstra av i Ålesund og Malin vart med noko vidare. Fyste strekket til Molde den 12. juni gjekk med god bør, 6-16 m/s sydvest Start kl 15.00 og ankomst kl 20.30. Me slo så vidt Hurtigruta i fortøyningane. 13. juni kl 13 gjekk vi mot Håholmen, ville helse på gamle kjente frå Fosnavågen. Travle, då der var brudlaupder. Dagen etter via Grip til Kristiansund med vestavind, flott seilas (10-16 m/s)og mykje å sjå. Ankomst Kr.sund kl 21, alle kjøkken stengte så nær som eit, der vart det burger og Bacalao. Malin mønstrer av neste morgon medan eg bruker den 15. til å leite etter el-windex. Det endte med Ebay og servicekit sendt til Havnabakken.
Malin på Håholmbrygga saman med dei andre damene, Yvonne ligg yst. |
Jommen er det ikkje kapteinen sjølv, med ein halvliter sjølvsagt. |
Eg kjem nok ikkje utanom at det er meir sjel og glød i trebåtane her på Håholmen |
Hovedbygningane, her fekk betjeningen vera. Ja ta godt vare på dei, ikkje minst den hyggelege skipparen. |
Men mykje arbeid er det! |
Koseleg |
Brudeferden på Håholmen, rett tilbake på Atlanterhavsveien. Godt me kan nyta den sakte ferda vidare nordover. |
Me greip sjansen å dra ut til Grip med god seilvind. Ei Stavkyrkje her ute i havgapet 17hundretalet, så seint kom ho? |
Trongt mellom husa, til og med lafta naust. |
Flinke var dei å halda husa vedlike. Fraflytta fiskevær på 70 talet, no sumarhus for det meste. |
Vi var foresten innom Bud før me kryssa Hustadvika. |
Flott bryggeanlegg her på Håholmen, litt kringlete å koma inn med ein djuptstikkande båt. |
Kvitkjær på veg inn til Kristiansund |
Siste uthavn ho Malin var med, knutene satt etterkvart og ho var til god hjelp med reving av seil når det bles for ille. |
Godt me har gode vegvisarar på sjøen, mykje skvalpeskjær i området. So her gjeld det å følgja rett veg med slik seglvind. |
Godt bygd når det har helde så lenge. |
Her er havna på utsida, ikkje anbefalt å gå inn her med seglar. |
Særleg når det ser slik ut. |
Saman er me sterke! |
Koseleg er det og. |
Det er ikkje parasoll mot sola, men skydd for regn over klippfisken |
Skuleplassen med trampoline som har kome til i seinare tid. |
Fine vegvisarar. |
Svensken heisa eg opp og ned i salingshorna, som hadde behov for forbedringar på sin båt Madame. |
onsdag 10. juni 2015
Fosnavåg, Ålesund.
Så endeleg etter mykje kultur reiser vi frå Fosnavågen den 11. juni kl 12.00. Retning Ålesund. O huskom o hei det gjekk så det susa. 3 timer fra Fosnavågen til Brosundet i Ålesund. Men her fauk windeksen fra toppen av masta så me ser ikkje vindretningen lenger. Her vart det besøk og middag med foreldra til ho Kirsti på Fjellstua. Nyrestaurerte trapper ned til byen og båten der det vart kaffe og sunnfjordslefse som Tore hadde med. Resten av slekta var også innom for ein koseleg prat.
Sukkertoppen før vi runder og går til innseilinga til Brosundet |
Siste havn for Tore i denne omgang. Takk for turen og kjentmann historier frå Florø til Ålesund. Malin blir med et stykke videre. |
Brosundet, Marit og Per Trygve traff vi også som bur her i sundet. |
Spreke som få, Dagfinn og Anne Johanne |
Hyggeleg kaffeslaberas. |
Bergen via Osterfjorden til Florø og Stadtlandet til Fosnavågen
Hei igjen! Avreise klokka 16 frå Bergen. God lensvind, 7 meter pr sekund. Me fann ankringsbotn rett utanfor Grøssviki der syskjenbonn, Nils har restaurert og måla hus deit siste året. Morgonen speilblank sjø og blå himmel. Passande med besøk. Fyrste gongen ein kunne nærme seg T-skjorte!! So for me inn Eidsfjorden, prøvde fiskelykka med lite hell. Kom oss på land for ein spasertur. Heile familien Frode Solbakk kom ut på hytta etter skuledagen var over. Grilling og triveleg drøs på norsk, fransk og engelsk. Takk for opphaldet det var triveleg og godt med ein dusj!! Om ikkje i Hesjedalsfossen.

Vakre Osterfjorden dagen etter ankomst. |
Fossen inne hjå Frode og Celine, kva heitte no den då, Hesjedalsfossen? |
Vegkonstruksjonar, ingeniørene i bøkene til Jan Gulliou, "brobyggerne"Osterøyne. |
Her Celine og borna Oskar Viktor og Edgar i stovekroken om morgonen |
På seiltur med Frode med familie, bror til Kirsti. Inn Eidsfjorden til Eidslandet. Me kom for seint til butikken, nye drivarar som ikkje var viljuge til å opna for oss. |
Dei hadde besøk av to utvekslingsstudentar frå Frankrike, Florence og Axel. Malin i midten. |
Oskar i bauen under full genoaseiling. Fyrste gongen på seiltur |
Oskar og Viktor delte om å styra. Edgar ville også halda ei hand på roret |
På værlandet |
Kyststjerne som finnes bere nokre få plassar oppetter kysten |
Tore mønstra på i Florø, første stopp Kvalvågen |
Fin plass med god restaurant med kokkar frå Landslaget, sist 3. plass i vm |
Endeleg litt fast grunn under beina. |
Rododendron har sin plass i dette kystlandskapet. |
Yvonn åleine i gjestehavna |
Ja eg bløffar ikkje |
Ekte rorbuer |
Vakkert! |
Hornelen i skugga |
Låg sol over Hornelen |
Legg til bildetekst |
Hamnen ein flott ankringsplass under Hornelen, ..meter over kvar vi vanlegvis held oss. |
Låg sol, uvante greier |
Legg til bildetekst |
Måløy og Manhatten har likskapar, men det er på avenyer og street |
| ||
Trålarane raver over deg i Fosnavågen |
Ragnar Thorseth skal ro over til Shetland, her med Per.. |
Litt betenkt kanskje, nei då formen held |
Liten farkost |
Tøft å koma attende |
Som ein liten prikk |
Tore på Stadtlandet. |
Vanskeleg å formidle bølgjer på bilete. |
Abonner på:
Innlegg (Atom)