Førebuinga er i gang med Yvonne som er en Elan 36 som eg tok inn frå Kroatia. God hjelp av vener for å få han til heimehavna som er Skøyen båtforening. Særs spennande var det den første veka der tollvesenet i Siebenik ikkje ville sleppa oss ut av Kroatia.
Endeleg igang med segling til Koper i Slovenia. På trailer derfrå til Kiel. Eigen kjøl til Skøyen. Men det er mange år sida no og båten er betydelig rusta opp for segling sidan den gong. Dei siste utbetringane skal på plass i vinter og 13. mai seglar me ut Oslofjorden. Tre og en halv måneds permisjon står til rådvelde for meg, og sambuar Kirsti på deler av ruta saman med slekt og vener. Slekt og vener skal også vitjast langs ruta.
Bloggen oppretter eg slik at de kan følgja oss kvar me er og kva me driv tida med. Kajakk og lettbåt er på dekk, og fjellstøvlane er ikkje stua for langt vekk dei heller.
E-post er sendt for å fylla på mannskapslista, men mykje kjem på plass etterkvart. Her skal det ikkje stressast, men heller vert det å følgja bloggen. Hoppa på der det høver seg sånn. Biletet er utsikten fra Fjordsyn, der den spede spira til ein draum om å segla rundt norskekysten, besøke "røtene", slekt og vener i det flotte fjordlandskapet vi har. Fjordsyn er barndomsheimen øvst i Hallingdal langt frå saltvatn.